Kvitabui & Familie

Kvitabui er eit familiedrive selskap som ynskjer å dele meir av den vakre naturen rundt oss - både som mat og som fotokunst. Vi held til i ei gamal, idyllisk sjøbu i bygda Solvorn i Luster, kor me kvar sommar serverar kortreiste lunsj- og middagsrettar, samt andre godsaker frå lokale produsentar.

Vårt namn, Kvitabui, kjem av at sjøbua ein gong var måla kvit. Med kvite vegger på bolværk i fjorden bar bygget eit særpreg som var ulikt dei andre sjøbuene og nausta i Solvorn. Sjølv om bygget ikkje er kvitt lenger, og tid, ver, vind og sjøsprøyt har sett sitt preg på bygget, går sjøbua framleis under namnet "Kvitabui". Kvitabui blei fullstendig restaurert med støtte frå kulturminnefondet i 2017-2018. Dei første åra fungerte sjøbua som eit fotogalleri, før det også fekk matservering i 2021. 

I løpet av sommaren arrangerer me også eksklusive restaurantkveldar, kor me inviterar flinke gjestekokkar som gjer ekstra stas på våre unike råvarer. Sjekk våre arrangement for meir informasjon om dette. I randsesongen er det også mogleg å leige Kvitabui til private arrangement.

Me er stolte av vår unike matoppleving og ønskjer å dele den med både lokalbefolkninga og besøkjande!