Sjøkreps
 

Kortreist mat frå fjord og fjell.

Me meiner at god mat ikkje skal reise langt. Hjå oss hentar me råvarer frå fjell- og fjordlandskapet rundt oss.

Med kjærleik til lokale ingrediensar og handtverk.

Kvitabui i Solvorn spesialiserer seg på å servere lokal mat i rustikke, vakre omgjevnader. Hjå oss kan du nyte mat og drikke inne i naustet, eller på bryggja og sjå ut over den turkise Lustrafjorden. Me brukar heile året på å skaffe råvarer som inngår i menyen - sjøkreps, hjort og eigenfanga kvitfisk.

Den daglege menyen er fast og består av enkle rettar laga med dei fantastiske råvarene våre. Du finn menyen vår her. Rettane kan nytast både som lunsj og middag. I tillegg serverar me kaker, lokal juice frå Eplet juspresseri og kaffi frå Sognefjorden kaffibrenneri.

Velkommen til oss!

- sjå opningstider her.


 

Gjestekokkar

For å gjere ekstra stas på dei råvarene me har, så inviterar me ein gong i blant spanande gjestekokkar til Kvitabui. Då serverar me ein smaksoppleving med ein meny som består av 5 eller 6 rettar. Menyen varierar i takt med sesongen og kva råvarer som er tilgjengeleg frå naturens matfat.

“Kjærleik til det lokale matfatet”