Tilbake til alle arrangementer

Arrangementet er fullbooka! Opningsdag med Joar Søhoel!

  • Kvitabui Matnaust og Galleri Kvitabui Matnaust og Galleri Solvorn, 6879 Norway (kart)

Fredag den 11.juni kl. 18 opnar Kvitabui dørene offisielt! Nytt lokale, nye bileter på veggane i galleriet, og i tillegg kjem den lokale kokken Joar Søhoel til oss for å syne sine kokkekunstar. Joar diskar opp med ein nydeleg 5-rettar. Om du ikkje får plass på opninga 11. juni, så fortvil ikkje! Joar kjem tilbake til oss allereie fredag 18. juni.

Joar har 17 år bak seg i bransjen, og har dei siste åra verkeleg spesialisert seg på å lage fantastisk mat med råvarer frå naturen. Han jaktar, fiskar og sankar storparten av råvarene sine sjølv, noko de vil sjå att i menyen denne kvelden. Me lovar at det vert kortreist mat av særs høg kvalitet, som de ikkje kjem til å gløyme!

Joar har og starta sin eigen matkanal om de ønskjer å få ein digital “smakebit” av Joar sine kokkekunstar: www.https://www.jaktogviltmat.no/

Me har begrensa plasser og det er først til mølla som gjeld. Bestill bord ved å klikke på knappen under.

_DSC8996.jpg
Meny Joar søhoel 11.06.png

Kortreist mat frå fjord og fjell

Neste
Neste
18. juni

Få plassar! Gjestekokk - Joar Søhoel